Stad

Husnes.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark

Start- og sluttpunkt

1. Ved avkjørsel til Husnes Båthavn.
2. Opsangervatnet bak Statoil/ICA.
3. Søral parkeringsplass ved administrasjonsbygget.

Parkering

1. Søral hovudport vest.
2. Bak Statoil/ICA.
3. Søral ved administrasjonsbygget.

Merking

Skilt "Søralløypa".

Gradering

Grøn.

Høgdeskilnad

8 – 40 moh.

Tidsbruk

1 - 1,5 time rundturar.

Gode råd

Fin tur for elektrisk rullestol.
Vegar og stiar som høver for lette sko. Vis omsyn til golfspel.

Turomtale

Forslaget har fleire val, sjå under "Start- og sluttpunkt".
Omtalen nedanfor er tur/retur P-plass ved Søral hovudport vest.

Ta til venstre på grusa sti ved avkjørsel til Husnes Båthavn, over Stabburshaugen og ned til Opsangervatnet. Ein anbefalt tur/retur herfrå er å gå sørvestover frå innkjørsla til Statoil/ICA, langs Opsangervatnet gjennom parken, forbi campingplassen og roklubben og utover Kaldaneset.

Søralløypa går vidare på fortau austover til rundkjøringa "Samspel" og derfrå nord mot Søral sitt adminstrasjonsbygg. 200 meter før P-plassen til høgre på tilgrodd skogsveg opp til riksvegen. Nordover langs riksvegen 400 meter til rasteplass og derfrå 300 meter til busstopp der skogsveg til venstre fører ned att til Søral sitt administrasjonsbygg. Herfrå attende langs fortauet og inn til høgre på grusa sti langs gjerdet mot Søral. Attende til P-plass langs den 1066 meter lange omnshallen.

Rullestol:

Husnesparken er godt framkomeleg med rullestol.

NB: Delar av stien frå nedkjørsla til Husnes båthavn og rundt Søral har delvis ujamnt underlag.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no.

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Skålakaien
  • 5460 Husnes
Telefon:
53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Tursti i Søralløypa, Golfbanen og Husnesparken?